Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkelige musikkinstrument
NEG_6_7026_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_6_7026_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1:. Lurar av orebork er kje kjendt her. Men halmpiper var ofte i bruk mellom borna. Tjukke, hole halmstrå, med "ljo'hol" i (lydhol). 2:. Nei 3: Men \[\_vindenabbane\] var mykje bruka som rangler åt borna. 4:) Storrgraset sette ein i handa, mellom fingrane, og fekk til ymse lydar - eller skryling, som ein sa her. Dette med posen fyllt med luft er og kjend her. Og likeeins å få til smellar med klokkeblomane Ein skyt alltid med bryllaup her. Nå ofte med dynamitt. For helst med gæver og/ eller pistol. Ein held og ennå \[side 2:\] på skikken med å "skjota inn julo". Her er det og helst med dynamitt nå. Det var dei vonde mak- tene ein skulle halde borte med skyting. Eg har høyrt gamle folk seie det. Men det galdt berre dette med å skjota inn julo. - I bryllaup skyt ein når brurfolket kjem frå kyrkja, og kjem heim i tunet. Og dette ser ein nærast på som ei velkome helsing, ei hylling.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste