Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Folkelige musikkinstrument
NEG_6_854_Ho_Vossestrand
Transkripsjon av filen #NEG_6_854_Ho_Vossestrand
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Instrument tel aa spela paa har vaare brugt her i dalen. Namnet er Hardanger fela, Namnet paa dei dele som felo er samen set av er hals, botn, troska, og lokk. Namn paa dei lause deler er boge, (feleboge) felestokk, harpehus fylgde med naar dei kjøpte harpeis 2 Kva tid instrumentet kom i bruk her veit me inkje. Men hardanger fele kom i bruk her i sluten av 1600 tale. Fyrste hardanger fela me veidt um var arbeid paa Jaastad i hardanger i 1650 er no oppevart paa Bergensmuseum, hardangerfelo er ennu i bruk her. 3 Hardangerfela vart inført fraa Hardanger og fra Samnanger i seinare tid i frå Tillemark. Her i dalen har inkje vaare nokken som har hat fele- arbeid tel yrkje, men her har vaare arbeidt fele av forskjellege. Sellemenne Lars Helgeland og sonen Sjur Helgeland arbeide fele som dei brukte sjølve Styrk Hirth har arbeidt fele han er over 80 aar. 4 Form og maal kan de sjaa paa den tegnengi som fylgjer med. Tegungen er av ei gammal Tronda fela som dei hade paa Skjervo Vik i Sogn da var dan besta fele dei veste um. men felo bran opp daa husi paa gaarden bran \[s. 2\] Hardangerfela har 8 strenger 4 tel og spela paa og 4 understrenger, tegningen viser korleis holli paa felo er laga. Strengene dei spela paa var tarmstrenger understrenger var metalstenger. Strengene vart inførde 5 Materiale svart ørr til botn bjørk til hals og troska gran eller furo til lokk, matrialen var heime vyrke. 6 Reidskap dei bruk tel og arabeida fela med var kiv og huljern 8 Hardangerfela har inkje vaare brigda i fra da fyrsta dei kom til bruk i bygda 9 Korleis dei spela og korleis dei helt fela under under spelinga er inkje skilna i gamal og ny tid. Felespel vart brugt til dans og til fester, inkje til skrema dyr eller lokka paa fut. 10 Kjenner inkje til ymse variantar av fela. 11 Instrumentet (fela) vart prydd med rosor paa lokk og botn, synjebretet var mykje fyrsegjort var inlagt med perlemor og forskjelleg sorter farga sort farga tra 12 Har inkje høyrt um segner eller overtro i samband med opphavet eller bruken av fela. Felemakarne sette navnet set og aartalet da fela var arbeid inni i botnen paa fela, bumerke har eg inkje set paa fela 13 Fyrste spelemanen eg har høyrt fortalt umm er Anders Haga han var fød i 1770 død i 1850. Har var beste spelemanen som fanst i si tid. Han gjekk frikar paa alle markna inkje berre pa vestlandet men og paa Østlandet. Ein vinter reiste han paa ski over fjellet til Tillemark og der i fra til Setersdal men dar var da eit anna drag i spelet sa han. Han lerde adle dei slaatter han kunde komma yver. Kor mange han kunde er da ingjen som veit men han kunde spela paa 24 stidlinga \[s. 3\] Da var han Anders Haga so lerde opp baad Rekvinn aa Lars Lofthus aa han Per Bolko, og hjaa dei var Mylnarguten og lerde slaattene hans. Han fekk høyra Mylnarguten paa sluten da var paa Skrumpastovene paa Vossavangen daa var han sluta aa spela var svert gammadlo og meto blindo. Daa Mylnarnen hade spela ei stund sa han da er beste speleman eg har høyrt eg har aldrig høyrt maken hans. Aa no er slaatten mine komne i hende paa ein som inkje skjemme dei utt. Nils Olson Mørkve gjek under navnet Bygdatraaen var flink speleman han var fød 1782 Her er ein slaat eter han som han lerde av \[-huldfok\] huldafolkje slaatten heite Bygdatraaen. Lars O. Helgeland fød i 1824 død i 1907. Var flink til aa spela, han lerde spela av Anders Haga. Sjur Larsson Helgeland fød 1858 død i 1923. Han lerde spela av far sin Lars O Helgeland. Han var beste spellemannen paa Vestlandet. Han kumpaner nokre slaatter og nokre støre spelestykkje men dei er inkje komne paa nota alle. Lars L. Skjervheim fød 1915 er flink speleman. \[s. 4\] \[Figur: Teiking av fele del\] \[S. 5\] \[Figur: Teikning av fele\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste