Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Vannbæring
NEG_5_2088_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_5_2088_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Det har vore og er brukt å bera vatn med tvo byttor og vass-sele. Her i bygdi vert det kalla vass-sele han er av tre og ligg over båe akslene med eit holing for halsen midt på vass-selen. Det har vore jarnlekkor og jarnkrokar på alle, det eg veit um. Noko serksilt namn på dei einskilde delane har eg ikkje høyrt. Frå det siste \[-hund\] hundradårskifte har det vore lite brukt trebyttor. 2: Har ikkje vore brukt noko av dette her i bygdi det eg veit. 3: Dette har heller ikkje vore brukt 4: Det var, eller er ikkje nokon visse folk til dette. For ei tid attende var det helst kvinnfolki som bar alt vatn, men på dei mindre og middel store gardsbruki der kona som oftast var åleine med alt medan barneflokken vaks upp, der var det gjerne mannen som bar vatnet åt fjøset og kona åt \[s. 2\] våningshuset. Etter kvart som borni boks til vart dei tidleg tekne med i arbeidet soleis ogso vassbering både mannelge og kvinnelege. I det siste har det meir og meir gjenge over til å verta manns arbeid. 5: Vassbering er i bruk endå både på vanlege gardar, mindre bruk og husmansplass. Her i grendi er dei likevel i fleirtal som har innlagt vatn. 6: Som regel er det gode vass- brunnar ikkje so langt frå husi, og då er det berre i visse ekstra tilfelle at det vert køyrt vatn lenger i frå, til dømes slike vintrar som i vinter, 1946 med lang- varig streng kulde, utan snø på marki, og for mange kan det ogso verta køyring av vatn lenger i frå i turkebolkar sumarshalv- året. 7: Eg torer ikkje segja noko visst um dette for heile Vossebygdi. Etter dei siste utskiftningane gjer folk sitt beste med å leggja inn vatn i fjøs og kjøken, men eldre utskiftningar og der det ikkje har vore utskiftning er det gjerne innlagt berre i fjøset. \[Figur: Riss av vass-sele\] Riss av vass-sele
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste