Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Vannbæring
NEG_5_1074_Øs_Degernes
Transkripsjon av filen #NEG_5_1074_Øs_Degernes
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Brukar "åk" her. Har uthuling for halsen og kviler på båe skuldrane Hadde før vidjer. Nå tau med jern- krok til byttene. Sume har kjetting. For 50 år sidan bar dei i trebytter, men ikring 1895 kom sinkbyttene. Dei bar også i "så". "Såen" hadde to øyrer. Dei hadde ein "stør" dei kalla "såstonga" Den sette dei inn i øyro og bar Hadde stanga på skuldrene. Bakre mannen heldt under såen for at det ikkje skulle skvalpa over. \[Figur. Tegning av to personer som bærer en så, der bakre person holder høyrehånd under såens nedre kant\] Hadde eit trelåk som flaut oppi såen for at det ikkje skulle skvalpa over. Det var både mannfolk og kvinnfolk som bar i såen. Har ikke brukt vasski. \[s. 2\] Dei kjørte vatten med kjelke som hadde et styre bak. \[Figur. Tegning av kjelke med styre bak, og så på kjelken. Tekst: omlag slik.\] Kvinnfolka bar til kyrne og derfor var det mest kvindfolk som bar vatten. Nå mest innlagt vatten. Denne vinteren er noko utanom det vanlege for nå er brunnane tome. Dei kjørte mest aldri vatten med hest og slede eller kjerre. Auste vatten opp i såen med "kølle" Den \[-same\] dei molka i. \[Figur. Tegning av kølle med tekst: "kølle" "Bytta" hadde 2 ører og "hava" til.\] Var det lite vatten i brunnen, sette dei på ein kjepp. Hadde "ingebærar" i fjøset var lik kølla, men større. Stelte til for kua i dei i staden for krybbe. Laga "vonnel"
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste