Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ard og plog
NEG_1_2102_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_1_2102_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Både ard og plog har vore og er bruka. 2: Arden brukast ennå til å setja vassfarer i åkeren med og ved potetsetjing. Det er ikkje kjent at arden har vore bruka for såing. Kornet var mylda ned med horv før såmaskina kom i bruk, eller med grev. 3: Arden nyttast ved potetsetjing, helst. Før sette dei potetene etter plogen. Elles blei arden nytta til å hyppe potetene med. Det er same arden som brukast både til setjing og hypping av poteter, og til å setja forer for vatning med. Det er nok den sistnemnde bruken arden vart laga til her i bygdi, med utgamal åkervatning. 4: Etter styret (handtaket) er det typen 8 som er arden her. Men veltfjøli går rett attover frå skjæret. Og til det bruket dei har her, har han veltfjøl på båe sider. Han har ikkje ristill. Dei tri fyrste typene er ukjende. 5: Slike skjæker er ukjende. Til ard og plog var bruka skoklar. \[s. 2\] 6: Namn på deler: Styre, ås, skjær, velte. Kroken i framenden kallast \[\_tuku\]. 7: \[\_Veksne\] er ikkje på arden, men på plogen. Eit veksne er ein laus del som har vore å få kjøpt. – Det er ukjent at det har vore ymse breidd på skjærviddi. 8: Når arden som her ikkje var bruka som plog, var det veltefjøl på båe sider, av tre. 9: Ukjent her. 10: Ukjent. Regulering kunne gjerast med ei bleigg millom styret og åsen. 11: Ukjent her. 12: Alle ardar har vore heimelaga, oftast på garden. 13: Berre fabrikkplogar nå. Overgangen frå heimegjorde til fabrikkplog gjekk for seg rundt 50 år sia. Dei fyrste fabrikkplogane kallast bakke- plog. Dei har velte til å snu, så ein kan pløgje på båe leier. Dei gamle plogane var smidde i bygdi, anten heime på garden (dei fleste gardar hadde smidje = smyu), eller av ein bygda- sme. Den fyrste dubbelplogen kallast Sandsvær- plogen. Det var ein dei kalla Storsmeen som smidde dei. Han var kome frå Sandsvær. Det fins så vidt att av den plogen i bygdi. Men eg har ikkje kunna få skikkeleg teikning eller fotografi av han: Han hadde to skjær og veltefjøler. Desse var festa til ein aksar (aksling) som gjekk gjennom åsen. Når dei kom til enden av fori, tok dei ut ein pjeks som gjekk gjennom \[s. 3\] åsen, slik at denne kunne svingast rundt på andre leii, og nå vart det det andre skjæret og velta som pløgde. Det kan vel vera på lag 80–90 år sia Stor- smeden levde. 14: Det har funnest plogar med vridd tre- velte. Stundom var dei berre av tre, stun- dom med meir eller mindre beslag (jønning). Det kunne vera påsett når fjøli ville sprikke. Ila var av jarn. 15: Ukjent her. 16: På andre sia av veltefjøli. 17: Det var ofte ein trekloss på åsen for attendekøyring. 18: Det var vanleg at det var både høgre- og vinstreplog på gardane. Grunnen kunne vera at det var ymse hellingar på åkeren. Og når dei pløgde åkeren på opp og ned, ikkje tvert over, kunne dei pløgje frå ei side eit år og fra andre sida neste år. Så kom ikkje åkerjordi berre til ein kant. 19: Ei vanleg plogfor kunne vera millom 15 og 20 cm djup. Det var nok stundom nytta slepsko, men ikkje stillbar. Det var bleiggen millom åsen og styret ein regulerte med. 20: det var ikkje ristill (kniv) anna enn på vollplogen, da vekselbruket tok til. 21: Ukjent. 22: --- « --- 23: --- « --- 24: Ard utt. a\[\_l\]. \[s.4\] \[Figur: riss av plog. \[Notat: på vedhefta riss av plog: Dette risset av Sandsværplogen er ikkje fullnøyande. Det er berre slik eg har fått opplyst at han var. Eg skal freiste ved høve å få sett plogen og gjera eit rett riss og sende inn. E. G.\] \[Notat: Tillegg til spørjeliste nr. 1. Sandsværplog. Plog og ard\]. \[Figur: teikning av plog\] \[Notat: Når dei kom til enden av fora, tok dei ut pjeksen D og svinga åsen rundt på aksaren C. Ved A (eller B) gjekk pjeksen D gjennom åsen. \[teikning\] A og B sett framanfor.\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste