Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Vannbæring
NEG_5_801_Ho_Evanger
Transkripsjon av filen #NEG_5_801_Ho_Evanger
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Tidlegare og til resten av 1800 åri var altá vatnet båre både til fjos og husbruk med vass-sele og tvo bøtter. Vass-selen kvilte på båe aksler - og var utholka for akslerne med utskåren runding for halsen. Ein slek vass- sele kvilte godt og lett på akslerne og var \[?fadlig\] å bæra med. Bøtterne var den tid træbøtter og ein heldt ei bøtta i kvar hand likt ut til kvar sida. Vass-selebandi var vidjeband med trækrokar - helst sprake- krokar- So med 1900 åri kom jernbandi med jernkrokar å vass-selen - og sinkbøtter Då tykte folki her, at det kom seg. 2: Aa bæra vatn på den måte som pungt 2 nemner om - hev ikkje våret bruka her. 3: Helder ikkje den måte som punkt 3 nemner - hev våre bruka her. 4: Aa bera vatn - sortera helst under tenestejenta set arbeid. Ellerst so vart det bytt på drengen, mannen sjølv og stundum på kona med. \[s. 2\] 5: No er det for flestes vedkomande innlagd vannspring. Ellest var det bruka slek overalt. 6: Når vannspringen kjem i ulage t.d. frys - eller vatnet på annan måte vert alt og det er noko lang veg, etter vatne- so vert det omlag altid køyrt i tunnor. Og då legg ein eit mindre låk pa vatnet for skvolpingi si skuld. 7: Det er stort sett i dag, innlagt vatn både i fjos og i kjøkenet. Men vass- selen er likavel i brukbar stand dei fleste stader. \[Figur: fig 1 Teikning av Vass-sele\] \[Figur: fig. 2 Teiking av nåli\] \[Figur: fig. 3 Teikning av vidjeband med trækrok\] Vass-sele bruka i Eksingedalen - ut 1800 åri --- Nåli set ein i akse på vass-seleenden og den tenar då som snuingslokk - Vidjebandel med krok vert fest i nålauga. Er det ein hendig kar som hev laga Vass-selen, so er den lett og hendig å bera vatn med L.J.N.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste