Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Vannbæring
NEG_5_800_Øs_Glemmen
Transkripsjon av filen #NEG_5_800_Øs_Glemmen
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ja, ein hev bore - og mange ber enno - med vassåk og to bøttar. Det blir og blei brukt ei type som kvilde på båe akslene og med ei utholing før halsen på midten av åket. Den andre typen av åk som gjekk meir på skrå, blei nok brukt før, men svært sjeldan. Nå blir det brukt jernlenke med jern- krokar i. Før brukte dei ofte lærreimar. Ingen kann fortelja om at dei hev brukt vidjer til det. 2: Visstnok ikkje nokon gong hev dei frakta heim vatn på den måten, men brukt hest når dei skulle ha større meng- der. 3: Å setja vasskaret på ski kjenner dei ikkje til. 4: Som regel kona, men elles òg andre som det fall seg. 5: Det vert praktisert den dag i dag, også i dei tettbygde stroka her, der dei ikkje hev innlagt vatn, men må henta frå ein spring eller brønn i nærleiken. På dei fleste bruk er det lagt inn vatn no, \[s. 2\] men enno finst det stader der dei ber vatnet. Er vatnet lagt inn på ein gard, so er det som oftast både i kjøken og fjøs og stall. Der dei må bera det, er det ikkje nokon lang veg på jamnan og då greider dei seg med bering.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste