Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Vannbæring
NEG_5_684_Op_Ringebu
Transkripsjon av filen #NEG_5_684_Op_Ringebu
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Det er enda vanleg å bera vatn med vassela og to bytter her i grenda. Vanleg var vasselen rett og kvilte på skrå over oksla , men det kjennast og utholne vasselar. \[Figur: teikning av ‘’Vanleg vassele’’\] \[Figur: teikning av ‘’Utringa vassele’’\] Ein brukte jarnlekkje og jarnkrok, men vidjer og trekroker har truleg vore brukt før. Kring 1900- talet gjekk trebytter heilt av bruk. I einkene tilfelle kjenner eg til at trebytter var brukt heilt utover til ca. 1915. 2: Kjennast ikkje. Det var derimot vanleg å ha ei treskive i bytta eller i kjeret om ein køyrde vatn, for å hindre skvalping. Berre brukt når ein hadde lengere vassveg. 4: Alle bar vatn, men mest kvinnfolka. 5: Det brukast ennå, mest på småbruk , men og på mange gardar. 6: Måtte ein hente vatn litt lengere veg , var det om vinteren vanleg å køyre eller dra vatn på slede eller kjelke. Der vasskøyring var årviss vart det gjerne laga serskilte sleder \[s. 2\] til dette bruk, \[\_vassdraget\] dei kalla. 7: Fleire og fleire får lagt inn vatn for kvart år, men enda er her i bygda heile grendelag forutan innlagt vatn. Mange gardar med 10-15 kyr ber alt vatnet til dyra. Alle har eit ønskje om å få lagt inn vatn, men økonomien for jordbruket i fjellbygdene har vore og er så skral at \[-h\] nokor modernise- ring ofte er vanskeleg rå med , og så må folk slite.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste