Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Vannbæring
NEG_5_609,_1575_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_5_609,_1575_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Ein seier vass-sele her, og brukar \[\_vass-sele\] her ennå Han kviler på båe akslene, og har ein uthola opning for halsen. Selen er jam- nast av osp. For osp er så "lett" i veden.- Før bruka ein tau. Nå jamt grant lekkje, og jarnkrokar. Før ofte brakekrokar (eine). Trebøtter bruka ein lenge her, alt til dei fyrste åra etter 1900. 2: Ukjendt her. 3: " 4: Oftast tenestgjentene, bu- deia helst. 5: Både på gard og hus- mannsplass. 6: Ein køyrde og vatnet sume stader, både sumar og vinter, og gjer det ennå t. d. på Nesflaten \[side 2:\] Nå er det lagt inn spring- vatn på dei fleste gardane, både i kjøkken og fjøs. Men i vinter (1946-47) laut ein til med vass- sele mange stader. Og køyring. På Li på Suldalseidet laut ein bere vatnet i holkar, bundne fast i meis - 1-2 km. - Vassbøttene var oftast av fure, alved. Ein ville naude bruke "geitaved". For geita trekkjer vatnet til seg, veit me, og bøttene vart difor tunge. Til band kring bøttene bruka ein helst selje, men og hatl. Vass-bøtter, mjølke- koller, kinner, ambrar, mjølkekjel, kalla ein - alltid \[\_laggakoppar.\] \[\_Aslak Saubakken\], ein husmann i Kvilldal, var kjend som ein god laggar. Han døydde kring 1910, ikring 80 år gamal. \[Tilleggsspørsmål 6:\] 6: Når ein høyrde vatn, la ein ofte oppi \[\_fløten\] ein kalla - ei kodla (kolle) eller ei trebøtte. Noko anna om dette veit me kje av her.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste