Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Vannbæring
NEG_5_502,_2104,_2105_Op_Skjåk
Transkripsjon av filen #NEG_5_502,_2104,_2105_Op_Skjåk
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: 1: Vatnet vart bore heim med \[\_vass-sela\] og to bytter. Vass-selan låg over båe aksli med ein utorskoren runding for halsen. Det var oftast jønn i kroken, men det var nok stundom nytta vidje-(spenning) med ein jønnkrok i enden. På somme gardar eller heimar utan innlagt vatn, har dei nok bore vatn på den måten ennå. Trebytter ser ein nå sjeldan, det er Zinkbytter som er i bruk. 2: Ikkje kjent. 3: –«– –« 4: Til vanleg var det ikkje arbeid for ein \[\_vaksen kar\] å bera vatn. Aktaren (budeia) bar åt fjøset, og kanskje inn (til mat- og vaskevatn). Elles hjelpte borni til når dei var så store at dei orka. Kona måtte nok gjera ei vass-vende i blant. 5: Måten er i bruk ennå. Det er nok ikkje alle som har innlagt vatn, helst eins- lege hus og mindre bruk. 6: Det hender ofte – som i vinter – (1947) \[s. 2\] at vassleidningi frys, og da må folk køyre vatn. Dei nyttar da mange måtar Mange brukar store mjølkespann, som dei kan få mange av på eit lass, somme har laga serskilte store kasser til å køyre vatn i, og somme har store lagga kjer til det bruk. Eg kjenner ikkje til at nokon \[\_gard\] nå er utan innlagt vatn. Det kan vera nokon som berre har innlagt vatn i fjøset, og så ber dei frå der inn på kjøkenet, og – eller – til stallen. Etter det vart elektrisk kraft, freistar folk å få pumpeverk til å få vatn inn med, der huset ligg slik til at det er uråd å få springvatn. Men ikkje alle har fått ordna seg slik. \[s. 3\] \[Tilleggsspørsmål til emne nr. 5, Vannbæring.\] Når dei køyrde vatn om vinteren, kunne dei ha ein isklump på vasstynna, vasskoppen. Men ikkje når dei bar. Spm 1. Ukjent. « 2. –«– « 3. –«– « 4. –«– « 5. Ja, både – og. « 6. Ukjent. « 7. –«– « 8. –«– « 9. –«– Skjåk Edvard Grimstad \[s. 4\] \[Tilleggsspørsmål til nr. 5 Vannbæring.\] Ukjent i Skjåk. Edvard Grimstad adr. Lillehammer \[Tilleggsspørsmål til nr. 12\] Nei. Nei. Skjåk Edvard Grimstad adr. Lillehammer.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste