Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_6743_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_4_6743_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Ytrestøl 23/1 1952 Til Norsk Etnologisk Gransking. Eg har her svara på spørsmåla om flatbrød- baking. Vonar eg får litt betaling for arbeidet med dette, og det eg før har sendt. Når eg har sett igjennom emne nr. 4 "Baking", ser eg at eg veit ikkje so svort mykje om det, ifrå Voss. Nokre få opplyningar kunne eg gje. T.d. om 39: mosebrød: At det var brukt på Voss. Og at det var so velsmakande at arbeidskarar som budde på Kvå- le i Gullfjordingen, ville byta sitt brød i mose- brød. Dette har eg etter lærar Anders K. Kvale, som er 80 år og bur på Vangen på Voss. Mosen var visseleg brukt til drygsel i brødet frå fyrst av. Men var så velsmakande, at dei brukte han også i vanlege år. 8: Glokake. Kallast på Voss "glohoppa" (ei), og var \[\_steikt på glørne.\] Eg bur no i Volda kommune, Sunnmøre. De har \[s. 2\] vel fått opplysningar om sengeutstyr og brød og brødbaking herifrå. I anna fall kunne eg kanskje skaffa svar, ved å spørja eldre folk. Vyrdsamt Brita Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste