Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_3891_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_4_3891_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: I regelen vart kornet male på bekkjekvernor. Elles fortel gamle folk at ein kunne mala ein liten graud stundom som eit \[?overøme\] på handkvern. På garden Staup står enno ei handkvern. På Olde stod ei handkvern i eit eldhus for 20 år sidan. 3: Ein sette gjerne mjølet inn i varme stova kvelden før bakinga. 4: Grjon - gron. 5: Spurm. 1. Nei. Det kunde henda og hender endå at ein tek bakinga som bytesarbeid. Ymse slag brød og kake. Når ein før tala om \[\_brød\] var det berre i tydinga flatbrød. Omnsbrød kallast før \[\_Storakaka.\] Elles var bruka \[\_potekaka\] og mjelkekaka. Til omlag 1920 - 20 Seinare er kome vaflar - hjartekaka - og ymse slag bakverk t.d. hjortebakelse og smoltringar. No brukar ein mykje bakarbrød: langebrød, kneipbrød, vittenbergar og kaker setter oppskrift frå kokebøkene. \[s. 2\] 6: På sume gardar nyttar dei enno flatabrød som daglegbrød, men ingen stad åleine. Ein nyttar omnsbrød attåt, ofte kjøpebrød. Mange brukar omlag berre kjøpebrød, helst for skort på arbeidshjelp. Før nytta ein helst rugbrød. langebrød No er det meir kvitebrød: Vittenbergar og kneipbrød. Til fest er det ofte bakverk og blautkaker. Hardingkaka = krotakaka vert bruka noko til kvardags og til fest som lefsa med ymse pålegg - ost, sirop. (Ordet lefsa er ikkje bruka her) Til fest vert også no bruka \[\_kling\]-(ar) av (g)nikabrod. 7: Ja. Ymse slag bakverk og krotakaker som ein bløyter og lagar lefser av. 8: Nei. 9: Flatbrød hadde dei nok før fleire slag av. Tjukt, lite utkjevla brød, kalla ein \[\_soppebrød\]. Det braut ein til \[\_soppa\] -f. Skilnad på husbondsbrød og tenarbrød har eg inkje høyrt om. Men ein hadde ymse måtar å leggja brødet saman på ettersom det skulle brukast. Eg har sett at dei ikkje har bretta leiven. Men vanleg er dei bretta to gonger Det var vanleg brød heime. \[Figur: Teikning av bretta leiv\] \[\_Nistebrød\] og \[\_stølsbrød\] var brett ein gong til. 10: (G)nikabrød vart gnidd med ei røra av råmjølk og rugmjøl. No råmjølk og kveitemjøl. (Skal vera kvitt.) Ein kan og bruka geitemjølk til dette. Ein gnidde det før det var ferdigsteikt. Ein baka det til brudlaup, barsel, jol og andre festar, men hadde og liggjande for andre tilfelle. For gjester som kom uventa, er det ikkje så høveleg då det var mykje arbeid med \[\_røro\] dei \[\_smurde på.\] Enno er det festmat. Det vert sett fram som lefse påsmurt med ein graut (røra-f) laga av smør, ost, sirop og ymse andre ting som er ein løyndom for kvar ekspert i \[\_kling\]-ar) som det heiter når det er ferdigt. \[s. 3\] Kling er namn på dette. Smørkling er hardt vanleg flatbrød med smør på. Kling kallast også ein bløytt flatbrødmole med smør på, samanlagd 11: Leiv er ferd.baka flatbrød før det er steikt. Kan ikkje nyttast om anna. Kakeskiva. 12: Sjå 10. Enno er lefsa av hardingkaka (og mindre flatbrød) bruka til nistemat og reisemat. Røra - sjå 10. Klina klinjen \[\_Lefsa\] (ordet) er ikkje bruka her anna enn forma \[\_lepsa\] - f. om ein ferdigsteikt flatbrødleiv. 13: Ei herming: "Du kan bretta leiven i to helminga". Her kan ein nok også segja: - bretta lepso i to - Det har vore i bruk. Men vanleg er ei \[\_brølepsa\] bretta i fire. Nistelepso og stølsbrø brette ein ein gong til. Ein bretter leiven med same han er ferdigsteig og legg han i la. Stundom kan ein sjå at ein legg lepsa bort att på hella ein augneblink etter ho er bretta, vistnok helst med nistebrød og stølsbrød. Stundom legg ein press på, oftast ikkje. Alt dette siste vert nok gjort for det ikkje skal ta for stor plass. 14: Gamalt bruka ein ølgjær som ein kunne gøyma lenge. Dei bryggja nok også helst på den tid dei baka - om våren og innunder jol. Med ølgjær gjærte ein krotakaka (hardingkaka) og storakaka. Ein kunne sjølvsagt låna gjær av grannen. \[s. 4\] 15: Surdeig veit ingen om har vore bruka her. 16: No prøver ein vanleg med ei brennande stikke. Ein brukar helst mjukt gjærbrød no. Før var det helst flatbrød, krotakaka, pote(t)kaka og mjelkekaka Mange et det nok ferskt, men fleire og fleire tek til å ete det nokre dagar gamalt for det er betre, helsigare og drygare. 17: Krotakaka (hardingkaka) \[-har ofte vorte\] vert baka som tjukt flatbrød og \[\_krota\] med eit serskildt kjelve - krotakjevle. Dette kjevlet er skore i taggar Krotakaka var bruka til fest og til kvardags, men vart rekna for å vera finare mat enn flatbrød. 19: Ein bakar og steikjer i eldhus eller kjellar. På Voss steikjer ein ofte krotakaker på ei einkel hella. Men sume har teke skikken frå Hardanger med å laga ein omn av to heller over einannan. Dei kan då fyre både over og under. Sidene var oftast mura. Her steikte ein krotakakor og storakakor. (syra brød) \[Figur: Teikning av mura omn.\] \[Notat: Svært lite eld under nedste hella. Vart snart varmt. Overvarmen stekare\] Ein veit ikkje om omnar ute. 20: Ikkje sams omn. 21: Ein bruka\[\_skjolingar\] til bakeved. Det var ospeved som var skaven. Ein hadde omlag alltid eit lad til baking. Elles kunne ein bruka finkløyvd oreved. Måtte vera lett, heilt turr ved. 22 - 23. Ikkje bruka. 24: Sjå 19. Har ikkje setta at det har vore steikt i gryta. Men mor mi, Margretha Rognebakke, 80 år, fortel ho har sett det. Ein bruka då ei vanleg gryta som var rund i botnen Kaka vart difor tjukkare på midten. Ein snudde kaka. Det vart sværande gode kaker. \[s. 5\] 25: Nei 26: Kringler kunne ein laga for lang tid sidan. Ein koka dei fyrst i vatn. Så steikte ein dei. 28: Ein gøymer flatbrødet i såar og kister i \[\_bua\], likeins krotakaker eller hardingkaka. I gamal tid gøymde ein kaka (storakaka) i kornbingen. Ein skar av dei og la dei nedi att. Der stod dei seg. Vanleg varde dei 2 - 3 veker. (Storakakor steikte ein omlag berre til jol.) 29: Ein stakk dei med ein gaffel. 30: Ein laga kransar og andre figurar, griser og menner og koner. Ein hadde stundom ferdige former, stundom skar ein dei ut med kniv - Ein nytta fin rugmjølsdeig med sukker og kanel i. --- 31: Ein bruka mykje å laga kaker av mjølk og mjøl som ein steikte på hella - \[\_mjelkekaka\]. Hadde ein råmjølk i, kalla ein det \[\_frunsakaka\]. Det var helst helgemat. Vart ein brødlause, laga ein slike kaker. Ein måtte eta desse kakene innan 2 - 3 dagar. 33: Vaflor. - Gjestebods - og helgekost. I storekaker nyta ein stundom allehånde. 34 - 38. Har ikkje høyrt om borkebrød her. 39: Mosebrod har vore nytta. Trur ikkje det har vore rekna berre for surrogat for mjøl. Rekna det viss for å vera god og sunn mat. 40: -( Mosen ein bruka, var \[\_klomose\] som det heiter her, ein lavart) Ein kalla han og berre for \[\_matmose\]. Ein hausta mosen om sumaren. Ein nytta mosen til mosabresta, mosadravle og. 41: Nei.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste