Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_3834_Ho_Voss
Transkripsjon av filen #NEG_4_3834_Ho_Voss
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
: I mitt svar på spyrjelista om baking i fjor har det kome inn ei mistyding som eg gjerne vil retta på, og som eg bed om må verta lagd attåt det førre svaret. De gjer også vel og let Dr. Stigum få eitt av gjennomslaga her, det var han som gjorde meg vis med \[-misstaket\] mistaket. Eg skreiv at den som baka føre fekk fekk leiven til å rotera rangsøles på bakstefjøla. No har eg nett hatt besøk av brordotter mi, Maria J. Lid, (no fru Vaksdal) adr. Mjøllfjell f. 1919): Ho fortel at då ho som ung gjente skulle læra seg til å baka, så ville leiven til å begynda med helst går rangsøles. Men då sa mor hennar (Katrina Lid, f. 1884, og beste- mora, Maria Lid, f. 1855) at ho måtte klemma meir med venstre handa så leiven gjekk rettsøles, for det skulle han gjera på Vossagjerd. Det er i Hardanger dei let leiven gå rangsøles. Då Maria hadde lært dette, la ho òg merke til at når ho som bakte etter hadde letta på leiven og fått luft under han, så let ho jamt leiven sviva rettsøles. – Ho Gunnhild i Bortegarden på Øvre Lid, kona hans Knute-Nils på g.nr. 189, bruk 5 er or Hardanger (dotter hans Halldor Espeland i Odda). Når ho bakar, går leiven rangsøles. Botanisk Museum, Oslo 20 februar 1952 Johannes Lid
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste