Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_2503_AA_Landvik
Transkripsjon av filen #NEG_4_2503_AA_Landvik
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
I \[\_Korn og Kvern.\] Det var helst i gamal tid dei bruka slike kver- nar. Det var truleg i byringi av nettiåra at bruken av handkverner tok slut. So vidt eg veit finnes det ikkje handkverner i bruk no. Det brukes helst anten finsekting eller grov- maling. Sekta fin mjøl eller grovsekt. Til brødmjøl brukar en helst det beste i sor- teringi. Til baking brukar ein grov kveite sam- måla rug. Grovbrød til kvardags og fin kveite til \[?Kak/e\] 2 \[\_Mjølet\] Jau ein bruka før i tida å sikta mjølet Det finaste soldet ein her for hand. Det grove mjølet kallar me klid og vart bruka til kreatur- for 3: Her brukar me helst mjølet, når det hev stått ei tid. Før bakenga brukar ein å setja mjølet i ei varm stove, helst med ei bredsle over. Er mjølet nymala brukar ein det med det same \[s. 2\] 4:Dei kallar det helst \[?mannemat\] på vore kantar 5 \[\_Baksten.\] Det har hendt l. d. i Redal att ein på ein gard der bruka å baka hjå naboen. Det var hels flatbrøds baking. Der ordna dei seg på den måten att ein av kvinfolka og ei anna ordna med steikinga Fladbrødsbakarar var det nokre som reist rundt å baka fra eine garden til hin, men eg trur ikkje dei reiste i andre bygdelag. 6 \[\_Dei ymse slags brød og kake.\] Fyrr i tida baka dei helst bakverk av surdeig, men dette er gått av bruk. No er det helst gjær- brød som vart brukt på vore kantar. Til brød brukar dei helst grovsigt og varmt vatn til å blanda i, når dei eltar deigen. Dei lagar brødet ferdig set det på ein brødspade og set det inn i omnen. Til finare bagverk brukar dei fin- sikt. Når det er julekake t.d. har dei mjølet i ein stor kopp og der pakkar dei på det for å halde det varmt, og når deigen har heva seg tilstrek- keleg, lagar dei kager hels i formar. 7 På sume stader brukar dei grislebrød og elles brød anten av grovsigt elles sammalet brød. Til helg og fest brukar dei kake av fint mjøl og elles bagverk til smultringar og finere smakakor. Her i Landvik er det ikkje kome nye typor til, dei har her holdt sig konstant til dei vanlege typor. Av kakeslag som er komen fra andre bygdelag t.d. Haring \[s. 3\] lefsa som brukast mykje på bondeheimar. 8 \[\_Gjestevon.\] Når det kjem gjestar er det vanleg att ein hev kak og \[?fenari\] slags brød. - Me kallar det her "gjestebodsmat" 9 \[\_Glokake.\] Det hende i gamla tid, att dei steikte kakor på gloen, det er no gått av moten. Det kallast helst glokakka. Ein bruka helst halvfint mjøl. Dei knøa han på vanleg måte, og hadde gjær i deigen. På sine stader heiv dei kaka ned i glohaugen. Elles er det no gjenge av moten å steika brødet som glodkake. 10 \[\_Flatbrød\] Ein baka flatbrød av finmjøl til bruk i høgtider eller gjestebod. Er er no ikkje noko skilnad på brødet; husbond og tenarar \[?fur/feer\] same slags brød, fyrr var det skelnad. Elles har me ikkje noko anna namn på brødet her enn flatbrød 11 \[\_Knekkebrød\] er lite brukt her, so eg kann ikkje segja noke større um det. \[\_Leiv\] 12 Leiv meiner ein det ferdigbaka flatbrødet før det er steikt. Leiv kann nyttast um ei skeve av omnsteikt brød. Eit stykke brød kallar me her ei brødskiva \[s. 4\] 13: \[\_Lefse.\] Ein har ei rund bakstehella som ei rullar deigen utover hella til han vart passe tunn, så lefsa er ferdig til steiking. Ein lagar mykje lefsa til bruk ved sida av brødet. Av finare mjøl lagar ein lefsa til gjestebodsmat med ein kjukk skonning av heimesmør Ein smører lefsa med vand fyrr steiken Ein brukar ei fille på ein stav og stryker over lefsa, når ho ligg på bakste- hella. Det er ikkje skelnad på lefse og kling Skilnaden på lefse og flatbrød er at lefsa er mjuk, men flatbrødet er hardstekt. 14: \[\_Bretting\] Flatbrødet legg ein i leivar oppå einannan i eit passeleg lag på staburet med litt pres på, til att det skal brukast til måltidet. Defor brettar ein ikkje flatbrødet i mi bygd, men ein brettar det fyrst når det skal brukast i passeleg stykke. Lefsa skal ha ein sovoren skapnad som ved- lagte papirleiv synes. Ho skal brettast so det vart 8 lag. Ein brettar leiven når han ligg på hella då er han best å bretta. Jau ein steikar han lit på kvar sida, kvar gong ein brettar han. \[Figur. Tegning av bretting, sirkel, halvsirkel, kvartsirkel. Tekst: Tegnet ut efter papirmønster som ligger ved svaret. Mars 1951. R.F.\] 15 \[\_Gjær og surdeig\] Ein tar deigen som ein lagar til surdeig og brukar å røra saman vatn og mjøl og lat de stå å surna. Det kunde ta tvo tri dagar før sur- deigen vart brukande. No i vår tid får ein kjøpt gjær hjå kjøpmannen. Der var noko dei kallar \[s. 5\] ølebrød, det vart gjære med øl, det var helst brukt i høgtida 16 På fleire gardar i øvre Landvik brukar dei sur- deig i bakinga. Ein skrapar bunden av deig- trauet og rullar det saman til bruk neste gang. Ein tek ein hvis part av deigen til sur- deig og gjøymar det i ei mjølbyra til neste gång. 17 Ein kunde kjenno det med hendene og hvis ein trykte på deigen var han elastisk og gav etter for trykket. Ein brukar ikkje mjuk gjærbrød no da det ikkje er sundt for helsa. Brødet bru- kar ein helst nokre dagar gamalt då er det let- tare og fordøye 18 Det tek noko lengare tid når ein brukar surdeig. Fem seks timer laut brødet stå i omnen. Ein brukar veikare varme når ein bakar med surdeig. Dei bruka å ta det utor omnen og væte det under steikinga. Det var pakka varmt ned med same ein tok det utor omnen, \[?såes\] bruka me heime. 19 \[\_Hart gjæra brød\] Det har ikkje vore bruke her i Landvik så- vedt eg veit. Derimot kake av gærdeig som ein forma med hendene og når det var gjort stakk ein holler med ein pinde 20 \[\_Steikinga.\] Ein helt seg mest i bryggerhus der var jamnast bakaromn. Slik ser ein bakarom ut \[s. 6\] \[Figur. Tegning av framside av bakerovn med ovnsdør\] 21: Ekn nytta helst granved og bruka eit par store fang til ein omnfyllng. Når ein hadde raka ut \[?gløeng\] og sopa omheh kude ein lett merka att varmen var passeleg til å steika brø- det. 22: Ein gjorde omnen rein med ei sope so sette dei inn brødet etteratt omnen vart sopa rein. Brødt vart sat inn på sjølve bundflata uten underlag 23: Ettervarmen var nytta til å turka ovns- ved til bruk neste gong. 24: Har ikkje vore brukt i dei 74 år eg hev levd 25 \[\_Grisling\] Jo det hev vore brukt å setjo brødet inn i so heite omnen som rod er, men ikkje i ledslogen, de plar grisla seg alikevel Når ein set brødet enni omnen brukar ein helst ein flat tynd trespade med stang på. No er det yderst skjelden att ein grislar brødet Den opne elden kalla dei "gleseld. 26 \[\_Brød som vart koka.\] Ein har brødmel som vart koka i vann før steikinga. Kringledeigen rulla dei i små rullar og laga ymse figurer og sette dei inn \[s. 7\] på jernbrettet og steikte dem ved ein sakte ild 27 Eg kann ikkje svara på det, då det ikkje kjendt her 28 \[\_Korleis gjøymer ein brødet.\] Ein \[?gjøyer\] brødet i staburet og ein må sjølvsagt ikkje late det liggja so lenge att det tek mygl på brødet. Flatbrødet står på hyllor og brødet legg ein i kornbingen 29: Det er ikkje kjendt her i Landvik. 30 Krotekaker, krinler og ymse kakemenner vart gjerne lage for å henge på juletret Det vart nytte det finaste kveitemjøl til slike kakor 31 Kaker av søt-mjølk var jamnast laga til høgtida. Dei vart steikt på hella og kallast hellekaker. De var mest brukt til helgemat 32 Her finnes stader i Landvik att dei knær ihop i habdflata og kallar det "Lovedeig". 33 Vaffelkakor. Til vafler brukas der eit Vaffel Jern, som der helles deigen i. Vaffeljernet vart so klemt saman og set ein på ei varm plate so vert jernet svengt rundt på hisida og so er vaffeln ferdeg. Der var ikkje noko slags surogat for brød i vor bygd. Det innførde mjølet under Krigen var av ringe Kvalitet. So det dana seg ei hard skorpe utanpo, mes deigen inni var rå \[s. 8\] 34: \[\_Bork.\] Borkebrød har ikkje vore brukt sedan verfar sine dagara. Det var i 1808 i ufredsåra med svensken deil bruka det. 35: Dei bruka bork av furre og lind helst Dei tok borken når sevja var komen. Furreborken tk dei tidlig haust. 36 Mi gamle mor frtalde att dei helst bru- ka det i flatbrød. Dei bruke og blanda sa- man anna mjøl hvis dei hadde elles måtte fatigmannen nøgja seg med bare borke mjølet . Dei bruka helst helvti av kvart heime på vor gard i "bestefars tid" 37 Det var mange som vart matte og vesale i kropen. Det var ein mann i øvre Landvik som kom til ein gard der dei var so heldege og ha rugbrød. Noko so godt hadde han aldri kjent, han lo og gråt umeinannan etterkvart som han sette tillives det gode brødet 38 Det er kjent i ældre tid i Lanvik att dei koka fisk og blanda saman med mjølet. 39: \[\_Mose\] Nei det har ikkje vore brukt her. 40 Det kann ha hendt i borkebrødstider men ikkje elles Beinmjøl hev ikkje vore nytta i brødmjølet \[Transkriptørs kommetar. Det ser ut til å være lite konsekvent bruk av prikk over i. Siden jeg ikke kjenner den lokale dialekten har jeg ikke ut fra muntlig språk kunnet vite om skal stå e eller i. Eks.: sikta/sekta mjøl\]
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste