Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Ard og plog
NEG_1_1689_SF_Leikanger
Transkripsjon av filen #NEG_1_1689_SF_Leikanger
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
\[\_Ard og plog.\] 1: Både ard og plog er brukt i bygdi. 2: Arden vart brukt til å arda eller bryta opp åkeren om våren før såingi og den vart køyrd fram og attende, men ved endane vart arden køyrd nokre gonger på tvert av forene, so åkeren skulde verta godt oppløyst, for det var ikkje altid høve til å køyra arden heilt inn "til land". Arden vart og av og til brukt til å molda ned kornet med, og då braut ein både tettare og mindre djupt. Dette kalla ein å "såbrjota". Når det var "lett" åker, og det hadde vore dyrka poteter året fyreåt, so kunde det henda, at ein braut opp åkeren fyreåt, men breidde møki, sådde kornet og so "såbraut", og etterpå sletta åkeren med ei trehorv. På denne måten kunde åkeren vera heilt grøn av ugras når ein sådde, og dei gamle sa då, at åkeren hadde "loka" seg. Det vanlege var elles at ein fyrst "braut" opp åkeren med ard og so molda kornet ned med ei horv. På små åkerlappar som låg noko bratt, vart kornet nedmolda med grev, serleg på små bruk, t.d. husmansplassar. 3: Når det gjeld potetavlen er arden einerådane her både med setjing og "hauging" - "hypping". Ein køyrer opp ei for som ein set potetone i, når rondi er "sett" køyrer ein attende og let arden molda potetone ned. Soleids driv ein på til åkeren er ferdig. Arbeiskrafti, det vil seia "setjarane" - vert ikkje serleg godt utnytta på denne måten, difor har ein og annan teke til å køyra opp forene ein skal " setja" i, og når alt er sett køyrer ein ei ugraskorv på "ryggen" på tvert av forene og moldar potetene ned soleids. Arden vert og bruka til "hauga" (hyppa) potetone med, i det høve vert det av og til slege ein trekloss på kvar sida nede ved ardfoten, so moldi vart lagt betre inn til potetplanta. Nokon annan form for hyppeplog som hestereiskap er ikkje i bruk her. I dei siste åri er ein og annan teken til å bruka arden som poetopptakar med godt resultat, for det syner seg at han ogso er tenleg til det, når han vert stilt og brukt på rett måte. Ved setjing av poteter køyrer ein på tvert av det som er uppbrote fyreåt. 4: Korleids arden ser ut vil ein sjå av medsende riss. Den har same formi som, fig. 1 - 3 men skil seg ut med styre og drag og har ei meir fagmessig utføring. \[s 2\] \[\_II\] Av og til vert her brukt kniv eller ristel som på fig. 3 for å gjera arden sterkare. Her finst og arar med\[-xxxxx\] stillbar dragkrok, men ellers vart vangsen påsett slik, at arden går passeleg djupt, og vil ein ha litt regulering so kortar ein inn eller gjer avstanden større millom arden og ardtinlene, eller som ein vil, at arden skal gå grunnane eller djupare. Ard med sjeker som fig. 1 var i bruk her til omkring 1885 denne arden vart kalla "skeiard". På sume bruk kunde ein ha tvo slike - større og mindre. Ellers kunde arden stillast i den djupni ein vilde. 5: Skjeker som synt på fig. 4 er ikkje brukt her. 6: Ymse deler på arden har sitt namn. Styret kallast "arhaldet", "vangsen" sit på Aardfoten" som er innfeldt i "ardkroken". Draget eller "dragkroken" framme på arden vert festa med eit "ardlekkje" til "ardskeiene" eller "ardtinlene". Desse tinlene brukar ein og for plog og horv. 7: Vangsen eller ardskjeret var eins over alt. Kvar gard hadde sine eigne ardar. Når vangsen var ny kunde skjerbreiddi vera i stridaste laget, serleg ved hauging av poteter, men smått om send minka sjeret, og når det vart i minste laget vart det påsveisa av ein bygdesmed - det vart pålagd ei "aologa". 8: Arden har ikkje veltefjøler, men framkanten av ardkroken er som ein kjøl og velter moldi til både sider. 9: Ordet ard er ikkje brukt om enkelte harvtyper. 10: I einskilde høve vert djupni regulert som vist på fig. 3 c - men den vanlege reguleringi er med lekkje millom arden og ardskeiene og med styret. 11 -12. \[-xxx\] Ardtyper som fig. 5-7 er heilt ukjent her i bygdi. 13: Det vert no berre brukt moderne frabriksmidde plogar, desse tok til å koma ved 100 års skifte. Men før desse plogane kom kan eg minnast ein av ein gamal type, veltefjøli var av tre, var vridd og beslegi med ei jarnplata, det var \[\_eit) styre som var av jarn og draget var regulertbart både opp og ned og til siders. Plogen var venteleg arbeidd av ein smed og likna mykje på nr. 14 på medfylgjande plansje, men både styret og draget var meir "moderne". Plogen hadde kniv og vart køyrd med tvo hestar. Kva plogen heitte, kvar han kom frå, kva tid han kom og kva han var betalt med er her ingen som veit. Dette er den eldste plog ein kjenner til her og den vart brukt siste gongen umkring 1890 på garden Hov. 14: Fig. 8 har ikkje vore brukt her det ein kjenner til. 15: Under pløyging er det truleg at plogkaren måtte reinska veltefjøli for mold, men eg trur ikkje han hadde noko serskildt reidskap som fylgde plogen. 16: Korleids plogen vart køyrt på "tomgang" - antan på veltefjøli eller på den andre sida kan ingen seia no. 17: Det var ikkje nokon slepesko eller ekstra kloss som ein køyrde plogen på attenda. 18: Det ein kjenner til har det vore lite med pogar av eldre typer, ein veit berre om denne og det var ein 2 hesters høgreplog til pløyging på voll, i åkeren brukte ein ikkje plog men altid ard. Omkring 1880 vart her av Kristen Hauglum og Johs. Simlenes Bjørnetun innkjøpt ein 2 h. vollplog som var heilt av stål. Denne plogen var arbeidd av smeden Eikås i Vik i Sogn og var i bruk til fyrste åri etter 1900. Plogen vart kalla "Eikåsplogen". 19: Kor djupt ein kunde pløyga var etter som jordi kunde vera ein kunde stilla djupni med draget på plogen, nokon slepesko eller hjul var der ikkje. \[s. 3\] \[\_III\] 20 - 21. Det var kniv på desse plogane som skar det loddrette snitt, nokon serskild plog var ikkje nytta til det. 22: Når ein køyrde den gamle plogen garane imillom eller ut på arbeisplassen nytta ein ein vanleg treslede. 23: Falkenstensplogen fig. 12 har ikkje vore brukte her. \[-XXXXXXXXXX\] Eit reidskap som velter jordi til ei sida kallast her som dei fleste andre stader for plog og dei ymse deler har sitt namn. Ein nemner: plogåsen, styre, draget, veltefjøli, skjeret, hælen eller skoen, og kniven. Ordet plog vert uttalt slik som einskriv det, ordet ard vert uttalt -ar-, ein ar. --- Ovanståande er maskinskrive av N.J. Vangsnes, Fresvik, Sogn etter Hans O. Hov, Fresvik, Sogn, sine handskrivne notater. Fresvik den 20. mai 1948. N.J. Vangsnes \[s. 4\] Ard frå Fresvik i Sogn \[Figur: Teikning av ard\] Draget på den gamle treplogen sett frå sida \[Figur: Draget på den gamle greplogen sett frå sida\] \[Figur: Draget sett ovanfrå\] sett ovanfrå
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste