Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_1088_Øs_Onsøy
Transkripsjon av filen #NEG_4_1088_Øs_Onsøy
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
Ikkje bekkekverner her i det seinare. Ved ein bekk som gjekk til \[?Lund\] var det ei slik og ved Tjenne også. Det var einemannseige. Det var ei med Ellinggård. Håndkvern var ikkje i bruk anna enn til malt. Sto ei hos \[-Ole\] Hans Torp. morbroren på Torp. Veit ikkje om dei hadde sikter. \[-2\] På \[?Skrell/Sknell/Strell\] i \[?Glømmen/Glemmen\] var han og malte og der var vasshjul. Der hadde dei så umåtelig fint mjøl. Malte på Sollikverna også. I Tune hadde dei mølle på Stenbekk, Den høyrte til Holleby gods. Der var det frørenseri og dit reiste dei for å få rense frøet. 2: Brukte siktamjøl i henar tid. Det var sikta på mølla. 3: Det var det same om det var nymale eller gamalt. Det hende dei sette mjølet inn i ei varm stue før dei baka. \[s. 2\] 5: Ikkje sambakster. 6: «Brød», «vetekake», «vørterkake» «flabrø» Det er det same \[-før\] nå som før, men kveiten er kommen meir i bruk nå. Rugen er er fortrengt av kveiten. 7: Hadde til jul «fattigmannsbakkels», og «jødekaker», «krumkaker» og «sandbakkels» Baka «vetekake» til framande, elles helst «surbrød» 8: Ikkje glokake. 9: Flatbrød, sjå flatbrødlista. 10: Ikkje knekkebrød. 11: Leiv er både steikt og usteikt 12: «Lefse» laga dei før, men det var sjeldan. Det var fløte og godt mjøl i den. Hadde smør og fløte på. Ikkje bruka ordet «lefseklining» 13: \[Figur. Tegning av brettet lefse\] Bretta lefsa slik Flatbrødet bretta dei ikkje 14: Kjøpte gjær. Bruka «jest» til kveitekake. Mannen var på brygge- riet og henta «jest» til vørterkaka då han var liten. Mannen far til dei mol bygget på handkvern og sette i «støp» \[det er\] slå på vatten så det vert fuktig. Kan ikkje hugse anna enn at dei kjøpte «gjest» fra bryggeriet. \[s. 3\] Dei gjæra kveitekake med «gjest» Under krigen nå laga dei gjær på den måten at dei tok eit par nevar med humle. Koka den litt. Hadde litt gjer til å ta til med. Sila frå humla og venta til det var lunka. Hadde så gjæren oppi og litt mjøl så det vart tjukk velling. Hadde det på eit «Norgesglas» frå baking til baking. Det var som annan gjær. Sume dyrka humle på \[?»rea/veastøver»\] 15: Bruka «surdei» til brød. Har den frå gong til gong. Tar litt av deigen. Låner av andre dersom dei ikkje har. Lagar ei rund kule og legg den i ei\[-t\] krukke og legg lok over. Nå har dei litt salt på for at den skal halde seg betre. 16: Såg på «jesen» når den hadde «est» nok. Best når det er ferskt men har det i 8 dagar. Ein kall som hadde garden før faren til mannen kom hit sa at dei hadde ikkje råd til å ete brødet ferskt, for då var det udrygt 17: Litt lengre steiking med surdei. 1 time då. ¾ med gjest. Helst sterkare varme med surdei. Væter ikkje under steikinga. Ei husmannskone, Gjøran, (frå Østerdalen) tok brødet ut og vaska det under steikinga. \[s. 4\] 18 Ikkje syra flatt brød. 19: Bakaromnen plar stå i brygger- huset. Før hadde alle bakaromn. Den var kvelva over. Var av eldfast murstein. Ikkje omnar utanfor huset 20: Ikkje sambakster. 21: Brukar kløyvd famneved her. Granved helst. Eit par fangar til omnen. Legg eit papir på botn og ser om det brenner. Visste vel kor varmt det var etter kor mykje ved ein hadde i. Har høyrt og \[?sett\] dei prøver med mjøl. Er det for varmt, sopa dei over med «sopa» med litt vattn på. Det er eit skaft med \[?«sopenåse»\] på. Det er ei\[-t\] kløft i enda Legg annakvart lag med rota opp så det vert likt på båe sider. Sopenåsen er lang. 22: Gjorde omnen rein med «sopa». Ikkje halm i omnen. 23: Steika småkaker på ettervarmen. 24: Hadde bakaromn. 25: Grislar surbrødet her. Har «ei grisl» \[Figur: Tegning av grisl\] med 4 brød på. Set dei inn. Snur dei så og væter. Så inn att. Legg dei på bordet. Det brenn på båe sider under grislinga. \[s. 5\] Når alle brøda er grisla, så «smører» ein dei med «råmjølk». Så «skjærer» ein dei med ein kniv og set dei inn. Står så ein time. Står på bordet til dei vert kalde 28 og så har ein dei i ein pøs i kjellaren. 26: Ikkje koka brød 29: Ikkje figurkaker. 33: «Vaffel» i jern. 4 kanta. la det inn i omnen på skorsteinen. «Goro» hadde dei og. karve, (anis i \[?pylsa\]) 34: I 1814 brukte dei bark\[?-brød\] i brødet.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste