Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_1087_Øs_Skjeberg
Transkripsjon av filen #NEG_4_1087_Øs_Skjeberg
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Bare almindelige møller då ho var liten. I Tveter var ein liten fors, og i den var ei mølle. Ved Sarpsborg, på Hafslund reiste dei når dei skulle male fint mjøl. Vanleg mjøl av havre mol dei på Tveter. Ikkje sett handkvernar. Har høyrt om det. Det hendte dei mol malt til ølbrygging. Havre, bygg og rug og kveite. Hadde sammalt, men det var reint og kvitt. Dei hadde aldri så mørkt brød før som under krigen. 2: Sikta ikkje mjølet sjølv før ein bakte. Tok mjølet som det var. 3: Mjølet måtte stå ei stund etter at det var male. Serleg slemt var det med mjøl av råberga korn. Sette mjølet inn i ei varm stue før bakinga. Det gjer dei ennå. 4: Ikkje serleg ord for gron. 5: Ikkje sambakster \[s. 2\] 6: «Flab\[-b\]rø» av havre. litt «vetekake» til helligdar, «Brød» av \[-rug\] av surdeig med rug og bygg saman Det bruka mora støtt for å dryge det eine med det andre. Ikkje brød \[?start\] av vanleg gjer. Det var bare «vetekaker» det. Til jul baka dei «vørterkake» og det var av ølgjær. Mora brygga ikkje sjøl ho. Der var ølbruggeri på Lande i Sarpsborg. «Tynnbrø» var av rug og ofte satt i melk. Har dei same brødslaga ennå. «svenskekake» bruka dei ikkje her, men har høyrt om det. 7: Vetekaka til gjester men den heldt seg ikkje. Hadde småkaker. Dei var av sukker, egg og kveitemjøl. «Fattigmann», «Hjortetakk» og «Goro». Fattigmann måtte kokast i smult. Hjortetakk likeeins. Den smulten som då vert igjen står då i eit fat til neste dag. Då lagar ein gorodei av sukker, 1 kopp fløte og 1 egg og elter det saman med kveitemjøl til ein fast dei. Den gode smulten banker ein då i deien. Gjer det med eit kjevle. Så trillar ein ut flate leivar og skjærer ut firkanta stykker som ein legg mellom jern. «Sandkaker» hadde dei \[?opp\]. Dette var dei vanlege kakene. \[s. 3\] Hadde mest aldri egg til jul før. 8: Ikkje høyrt om glokake. 9: Hadde almindeleg havreflatbrød til kvardags og bare eitt slag av det «Tynnbrødet» var det litt rug og kveite i. Det var meir stas med det. Det år ein til middag og gjestebud. «Tynnbrødsoll» var det beste dei visste. Helst søt melk, men og sur. 10: Aldri knekkebrød før. 11: «Leiv» er både det steikte og det usteikte brødet. Ingen segjer at brødskiva er leiv. 12: Laga «lefse» men det var sjeldan. Bare eitt slag. Baka lefse av «tynnbrøddeien» Hadde gjerne i litt fløte og hadde dei råd hadde dei gjerne litt sukker i, men det er nyare. Bare til serleg høve, det var ikkje kvardagskost. Ikkje bruka til nistemat. Hadde smør og gjerne litt sukker eller ost på lefsa. Smurte på med ein kniv. «Lefseklining» Tynnbrødet blir hardt steikt på båe sider medan lefsa vert berre steik svakt og på eine sida. Når lefsa skal smørjast må ein dynke med vatten fyrst \[Figur: Tegning av lefsebretting\] Slik brettar du lefsa. Så skjærer \[Notat: Sjå nedanføre om Nordfjord 28\] \[s. 4\] du skrå stykker tå den. Har fløyte smør og ost på før dei brettar. Men trur at ho har lært dette av ei frå \[\_Nordfjord\] som budde her. Men førr hadde dei ikkje så mykje godt i. Flatbrød brettar ein aldri Pressar ikkje flatbrødet ihop. 14 Før, fortalte mora, at dei bruka ølgjær. Hadde det på flasker året rundt. Rista på den før bruken. Har sjølv alltid fått kjøpt gjær. Bestemor brygga øl og då fekk dei gjær, «jær». Brukte det til kake av kveite og det var bare til helge- dagane. 15: «Surdei» er det vanlege. Nå har dei helst litt gjær i attåt surdeigen. Då vert brødet best. Tar litt av den forrige deigen og let den liggje i rugmjøl. Er som ei lita kule. Løyste den opp om kvelden i lunka vatten eller mjølk. Sidan rørde dei den ut med rugmjøl i eine enden av «nuen» i ein liten dei. Den låg der heile natta og gjeste. Så tok ei inn 10 liter vatn eller melk, har ein melk er det det beste, men det er det ikkje alltid dei har litt lunka. Slår det saman med mjølet oppi nuen. Så står det og gjærer omlag i 2 timar. \[s. 5\] Når deien tar til å «ese» godt, legger dei i bakaromnen. Elter så deien opp med litt meir mjøl så står det til ein skal til å bake. Når omnen er varm «slår ein opp deien» på «bake- 16 brettet». Ser det på deien når den er ferdiggjera. Det har hendt at sume har hatt ei brennande fyrstikk nedi deien for å sjå om den er ferdig, men har ikkje prøvt det sjølv. Helst spise det ferskt, men fyrst må ein ete opp det gamle dei har att. Ferskt brød er gjevt før alle det. Før venta dei med å ete det ferskt, for det var drygare då. 17: Brukar 1 time til å steike brød på. Kake kan ein steike på litt kortare tid. Sterkare varme for brød enn for kake. Tok ikkje brøda ut under steikinga. \[?Berre\] legg brøda ut på \[?-brøf\] ein benk eller kva ein har. 18: Nei 19: Bakaromnen står oftast i «brygger- huset» . Alle har bakaromn der dei ikkje har elektrisk komfyr. Før var den helst i kjøkken. Nokre har den også i kjellaren. Bakaromnane er av murstein og kvelva. \[Figur: Tegning av bakerovn\] Står inni «muren» = grua. \[s. 6\] Ikkje bakaromn utanfor huset. 20: Ikkje sambaking. 21: Brukar lang ved. Famneved som er ei alen lang og delt opp i tynnare stykke. Brukar eit par «fanger» eller 1 ½ «fange» Steiker 20 brød med det. Har alle inni på ein gong. Kjendte passeleg varme ved å holde handa inni. Ventar litt om den er for varm. \[?Fys??\] vanleg mengde ved. Er så vandt til omnen at dei kjenner varmen utan å bruke mjøl. 22: Brukar «bakemåse» til å reinske omnen med. Har eit langt skaft, og det er delt i enden, og i kløfta set ein måsen. Set på ein liten ring \[?utvenden\] som ein held måsen fast i kløfa med. Dyppar måsen i vatten. Kallar det heile «ei sope» «sopa». Sume brukar også furukvistar til «sop». Nøye på å sope godt ellers vert det aske på brødet. Ikkje noko under. 23: Nyttar varmen etterpå til å steike småkaker. «fløtekaker» blir serleg gode. 24: Ikkje høyrt om steiking mellom 2 heller eller i gryte. 25: «Grislar» alt brød her. Har ei «grisle» til 5 brød \[Figur: Tegning av grisle med fem brød\] \[s. 7\] Etter at brørne er «bakt ut», ligg dei på bordet. Så graver ein gloen til begge sider og legg så 8-9 små «grisleved» på kvar side og så brenn dei. Vasker litt over brøden og setter grisla inni ei lita sund så det vert nokre «pløser». Bare ei lita stund, så tar ein dei ut. Så snur ein brørne, vasker dei men handa med vatn frå ei ause, og gjer 3 «skjæringa» i brødet. Det skal «ese ut» i skjæringane. Skjærer med ein pinne eller ein kniv. Hvis ikkje sprekker brødet. Så set ein inn att. Står så ei lita stund til. Så bytter ein til alle brøda har fått ein omgang. Så ligg brøene og «eser» mens ein sopar omnen. Det tek ein stund. Hvis omnen er for varm lar ein døra stå open ei stund. Prøver med handa. Lan ho telle til 20, er omnen passe. Vaskar \[-ikkje nå\] så over med råmjølk for å få fin skorpe. Set så brøa inn i omnen og der står dei ein time. Så tek dei ut med eit «brødtre» \[Figur: Tegning av brødtre\] omlag slik. \[-Har ein så\] Legg brørne i kjelleren i ei kiste. \[s. 8\] 26: Ikkje koka brød 27 Nei 28 I kiste i kjellaren 28 Då ho var lita, baka dei «menner» og hengde dei på juletræet. Det var simpel dei 29: Lite «lomper» 22 «Vafler» og «Goro» Hadde kardemomme og kanel. Det hadde også bestemora. Karve bruka deil mykje i brødet. 34: Har høyrt om barkemjøl. Både mor og far hennar fortalte at det hadde vore brukt i krigen. 39: Heller ikkje mel av måse. eller bein.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste