Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_1086_Øs_Degernes
Transkripsjon av filen #NEG_4_1086_Øs_Degernes
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1 Det var sume som hadde kvernar i bekkene, men det var mest gått av bruk då ho var liten. Det var helst møllaren som tok mot og mol for andre. Dei gjekk med vatten. Det var vondt om vatten. «Hånkvenn» var der her før. Men der var ingen som malte på håndkvernan som ho hugsar. Hadde mest havre, rug og bygg, men kveite var det lite av. Faren reiste til Halden og malte kornet og del til Julsrud Det var det finaste kornet som kveite og rug han reiste til Halden med for å få fint mjøl. 2: «Siktamjøl» brukte dei. Dei kunne også «sammale» «Skredde» havre til «grøt» 3: Det er bra at mjølet står ei stund, men det må ikkje bli skjemt. Det var bra å ta mjølet opp ein dag i føreveien, så det ikkje var kaldt. \[s. 2\] 5: Det var bakaromn overalt på kvar gard. Aldri sambakster. 6: «brød» var det «surdei» i «kake» var det «jester» i. «flabbrø» var av havre «tynnbrø» tok sistemjølet» = (det dårlegaste) av rugen og kveiten til det. «Svenskekake» var rund og flat og likna «lompe» Hadde ofte hol i midten. Dei var små. Ungane fekk slike til jul. Ikkje sers vanleg. Det er omlag det same ennå \[-7.\] I det siste er det kome meir i bruk med «grøp» = sammalt mjøl i brødet. 7: Hadde småkaker «sandbakkels» «fattigmansbakkels» og var omlag som nå. Også kringler. Men meir «tørrkaker» enn nå. Hadde dei i «boksar» Laga dei før jul. 8: Nei 9: Sjå 6. \[-Tynnbrødet\] Havrebrødet laga dei «søll» av. Låg i sur mjølk. Hadde det også i velling. Havrebrødet var kvardagsmat tynnbrødet var til litt betre mat. Laga bare lite av det. På store gardar hende det dei gjorde forskjel på brødet til tenarane og sitt eige. Tenarane fekk bare havre. Dei fekk ille mye «søll» \[s. 3\] 10: Før hadde dei ikkje knekkebrød. 11: Det heiter «brøslev» både før og etter at det er steika. Småkaker som vert \[?«uthålla»\] som dei stikker ut kaker av kallar dei også \[-???\] «lev». Ikkje om brød 12: Baka «lefse» men ikkje så mykje Bakstekona gjorde ferdig ein liten god dei tilslutt og baka lefse. Det var bare til ei «eftasvæl» Den var av fint mjøl, kveite og rug. («Havrelumpe» laga mora. det var visstnok poteter i den) \[Transkr. kommentar – Her har nedskriver brukt skarp klamme, jeg har gjengitt med vanlig parentes\] Bruka lite lefse Bretta lefsa med «fløyen» \[Figur: Tegning av brettet lefse\] «Bråstakk» den under «brødslevane» for at ho ikkje skulle bli kald. Nå, her på garden, sonakona har \[?før\] lært det på Haugetun husmorskule. Men det er lite brukt. Smørte smør og sukker på. Har ikkje høyrt om klining. 14: «jest» laga dei av ølet. (På brygggeria stod dei med spann i lange rekker før jul, fortalte mora.) Brygga «maltøl» til kvar einaste jul. Tørka det visstnok. Det som var på botn. Hadde det på flasker. \[s. 4\] 15: «Surdei» hadde dei.. Tok deibete frå eine til andre baksteren. Lånte frå naboen dersom ein hadde misst sin. Laga ei kule og la den i noko mjøl til neste bakster. Rørte opp i vatten og mjøl. Tålte ikkje kulda. 16: Såg bare når deien var «est» opp og låg stor i trauet. Før hadde dei det helst litt gamalt. Mor baka ein gong i vika, og på slutten vart det litt for turt og hardt. 17: Stå i omnen ein time «brøet» Det er av rugmjøl og trenger derfor eit kvarters tid lenger steiking enn kveite o.a. «Gjestkaker» 3 kvarter. Sjå om grisling. 18: Nei 19: Bakarommen er i kjellaren. andre Har dei i kjøkken, og det var det vanlege før. Nokon er i brygger- huset. Alle hadde bakar omn. Flatbrødet må ein ha «skorstein» til så ein kunne ha «helle» til steikinga. Ikkje omnar på bakken. 20 Kvar sin omn. 21: Til bakaromnen best gran eller furu. hadde «famnevedlengde» Ikkje risved. Det går eit fange til 12 brød. Måtte øve seg til når han var passeleg. Held handa inni. Nokon kasta inni litt mjøl som «bruna» seg om det var passeleg og svir om den er for varm \[s. 5\] Kunne slenge innpå litt salt, men venta helst. 22: bruka ein del furukvistar på eit skaft og sopa med. Best var «sopemåse» som veks i våte myrar. Var nøye med å få ut rusket og oska, elles kom det i kaka. Ikkje noko under brøda. 23: «Ettervarmen» kunne ein steike «sandbakkels» i og andre småkaker. «sukkerbrød» og anna. Kunne tørka kavring i den og potitmjøl. 24: Har ikkje høyrt om heller 25: Grisla surdeibrødet. \[Figur: Tegning av grisle med fire brød\] Hadde eit \[?tre\] dei kalla «grisla» hadde 3 eller 4 kaker på den. Stikker den inn i omnen og lar den bli litt brunlig på eine sida. Tok det ut og snudde alle og vaska over med vatten og skar 3 renner med ein flat trepinne. \[Figur: Tegning av et rundt brød med tre renner\] Så sette ein brøa inni att. Når dei hadde brunka litt andre sida. Så ein dei ut att og la dei på «bakstefjøla» Vaska sidan \[Transkrip. kommentar: Her skal tekst fra nederst på siden inn\] må gjer 3 vender hvis ein har 12 brød som skal steikast. Står \[s. 6\] og eser på bakefjøla. Så gjer ein rein omnen. (Når ein grislar må ein kara varmen tilsides så varmen står på 2 sider over brøda) Så fyrst vaskar ein alle brøda og prikkar dei med ein pinne og set inn alle ihop. 26: Ikkje kokt brød 28: Brødet har ein i kjellaren sume har det i «nuen» andre kister. 29: Ikkje figurkaker. 21 «Havrelompe» baka mora. 33: Ikkje gorokaker. «Vaffler» har dei hatt. Var av bygg eller havre. Har nå gode vaflar av kveitemjøl og sukker og egg til gjestebud. Hadde karve og anis i surbrød føre I krigen fortalte bestefaren at han var liten gutt då og då åt dei barkebrød. Det var turka bork då. 39 Ikkje måse 41: Ikkje beinmjøl.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste