Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_1085_Øs_Trøgstad
Transkripsjon av filen #NEG_4_1085_Øs_Trøgstad
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Hadde vatskvernar. Det var ikkje så mange plassene dei hadde det. «Håndkvenn» hadde dei på mange stader. Malte mjøl på håndkvernane. Serleg «greipa», det er eit grøvere mjøl. Det var både rug og havre. Ville ein ha mjølet grovare, bruka ein håndkvern til rugen. Dei heldt på med hand- kvern etter ho vart vaksen. «sekta» vart rug og bygg. Havren vart «mølen» vanleg på kverna. Hadde havre, bygg, rug og kveite og erter. 2: «Sekta» rug\[-g\], bygg og kveite. Sikta på kverna. Kyrne fekk det dårlegaste mjølet. 3: Skulle ein bake «kake», måtte mjølet stå ei stund. Ingen varma opp mjølet, men dei hadde inne 22 \[s. 2\] ei stund så det ikkje var kaldt. 5: Det var bakaromn på kvar gard. Det var ingen stader bare mannfolk. 6: Grislebrø» «flabrø» «kake» «lefse». Ikkje annsleis brød til sundagen enn til kvardagen. 7: Til framande. «sekta» var ei kake av det beste mjølet. Helst av rug. «grovbrø» = «surbrø» dei kalla det surbrø til vanleg. 8: Ikkje høyrt om glokake. 9: Hadde fleire slag flatbrod. \[-Var simpleste var\] «tynnbrø» skulle vera av godt mjøl, bygg, rug og kveite. Almindeleg flatbrød var av havre og vatten. Same flatbrød for tenerar og husbondsfolk Ikkje erter i flatbrødet. Poteter hadde dei i flabbrød t.d. i tynnbrødet. Hadde poteter i kvardagsflatbrødet også Tunnbrødet bruka dei mykje til å ha i mjølka om sumaren. 10 Høyrte dei tala om «knekkebrø» men såg det aldri. 11 «Leiv» er det ferdige flatbrødet, men kan og kalle det usteikte leiv. Det er berre flatbrød som er leiv. Brødet kallar ein «sjive» når det er oppskåret. 12 «lefse» laga dei av og til. Det skal være av «betre mjøl» \[-2\] \[s. 3\] Helst rugmjøl og vatten. Sume brukte også poteter i. Steikte den på \[-«takke» eller\] «helle». Laga lefse \[-når det falt seg. Men\] helst til høgtidene og dessutan når dei baka flatbrød. Brukte lefse mye til «matsekk» Hadde smør på. Hadde smøret på med kniv. «Lefseklining» er når det er smør på 13 Bretta aldri flatbrødet når ein la det bort. Lefsa «legg ein ihop» \[Figur: Tegning av lefse ubrettet, og brettet en og to ganger\] Legg lefsa ihop på hella helst, men kan gjere det sidan også 14: Måtte låne av andre dersom ein ikkje hadde «es» eller «gjær» Måtte ha gjer. En «gang» var betre enn gjær. Den låg ovenpå ølet. Kalla det \[?«Fløtgang»\]. Det var «brød» ein gjæra med gang. Kveite. Det var «grisla»». Det var ikkje alt brød ein kunne baka kake av. Då måtte ein bake brød. \[-15\] Tok også gang av det som var på botn. Den kalla dei bara «gang» og den var ikkje så god som fløtgangen. Den kunne ein ha på ei flaske. Fløtgangen hadde \[s. 4\] dei på eit \[-fjøl\] trekjerald og turka den over omnen. Når ein skulle bruke den, bløyta ein den oppatt. 15: «Surdei» tok den av «deien» når ein baka og gjøymte den. Den tørka ein også. Måtte ikkje frysa. Dytta den helst nedi mjølet undanteke om vinteren. Da hadde dei den inne i eit skåp. Laga den i form av ei lita kake. Løyste den op med vatten før bruken. 16: Deien stod frå kvelden til morgonen før den var ferdig. Måtte kna opp deigen og ha i meir mjøl så den vart passeleg. Var mjølet «råberga» måtte dei ha opp deien fleire gonger. Ser når det er ferdiggjært. Blir «tør» når den er ferdig til å bake med. Åt fersk eller gamal ettersom ein ville. Dei baka opp så dei hadde for ei stund. 17 Det tok like lang tid å steike med gang og med surdei. Stod minst ein time i omnen. \[-Ikkje serleg\] Litt sterkare varme med surdei. (Det er ikkje alt mjøl som går med gang. Må bruke surdei dersom mjølet ikkje er «sikkert» Tok ikkje brødet ut og vætte det under steikinga. Det gjorde dei \[-Då de\] før dei sette det inn. Same behandlinga etter steikinga for gangbrød og surdeibrød. \[s. 5\] 18 nei 19: «Bakaromnen» var i \[-kjøken\] bryggerhuset Stod i eine sida av grua. Var i «sommerstua» Omnen var kvelva inni Steikte kake og brød der (ikkje flatbrød) Ikkje bakaromnar utenfor huset. 21: Det var det same kva slag ved ein bruka i bakaromnen. Var hogd opp. Skjøna når den var varm nok. kasta innpå litt mjøl og prøvde med det. Det vart brunt når omnen var varma nok. Var omnen for varm, måtte ein vente litt. 22: Hadde «glorake» til å reinske med. Det var ei fjøl som var slått på eit skaft. «Omnsopen» var ein busk ein feidde med etterpå. Ikkje halm under brøda. Til vanlig 20 brød i hennar omn. 23 Hadde dei «formar» kunne dei steike «sukkerbrød» på ettervarmen. Det slumpa at dei tørka ved inni omnen men ho gjorde det ikkje. 24: Alle hadde bakaromn. Ikke i gryte. 25: Dei «grisla» brødet. Det var det beste brødet. Hadde sjølv 2-3 brød på «grisla» \[Figur. Tegning av grisle med fire brød\] Dei brukar det ennå. Måtte \[-ta det ut og\] stryke over med fett \[s. 6\] etterpå, så vart det ikkje så hard skorpe. 26: Ikkje høyrt om kokt brød 28: Hadde brødet i kjellaren. Det låg i «nuen» dei hadde til bakinga. 29: Ikkje bruka figurkaker. 31 Det har hendt at folk utan bakaromn har steikt på hella. Steikte ikkje «lompe» (andre gamle steikte lomper på helle. Laga av poteter.\] 33: Baka «vafler» med «vaffeljern». «goro» laga dei også. Kjøpte gorojerna. «Sukkerbrød» var av kveitemjøl og sukker. Steikte det i «førm» 34: Har ikkje brukt barkemjøl, men mor hennar har baka av det. Det var «børk» ho bruka. Det var i flatbrødet ho hadde det. Mora vart omkring 100 år gamal. (Ei gamal på 87 år fortel dei hadde vørterkake som dei tok av maltet) Det var bra å ha litt bark i mjølet 40: Ikkje høyrt dei har hatt måse i brødet 41 Heller ikkje beinmjøl.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste