Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_1083_Øs_Aremark
Transkripsjon av filen #NEG_4_1083_Øs_Aremark
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1 Gamle fortalte dei malte på handkvernar. Malte visst mjøl og på den. Men veit visst at dei malte «gryna» til «klubb» på den. Malte «malt og til øl. Hadde kornet fyrst på «kjølne» og tørka det, sidan mol dei det. \[Figur: Tegning av håndkvern\] Hadde ein kvernbekk lenger oppe på Moen og ei ved Buar, men det er før deiras tid. Dei «sammale» der, men veit ikkje om dei «sikta» Byggmjøl til brød og «skred havremjøl» og rugmjøl. Mest aldri kveite. «Sammalt mjøl» var det meste. \[?Brødmølet\] vart teke av det som for til veggen. Det som ikkje fauk så lang og \[?letten\] og agnene mol dei til \[?kruttura\]. \[s. 2\] «kaka» var av «rugmjæl» «surbrød» var og av «rugmjæl» «vaflar» var både av rug og bygg og ofte av skredd havre. 2: Hadde både «sikta» og «sammola» mjøl til baking. Hadde ikkje sjølv såld til sikting, men trur dei hadde det. 3: Det skal være betre å bake når mjølet var blitt litt gamalt. Mjølet måtte være varmt, ellers «jeste» det ikkje. Satte det i kjøken. Ikkje noko sers namn på det som kom nett frå mølla. 4: Nei 5: Kvar gård hadde bakaromn Det det bare var mannfolk måtte deil vel bake sjølv eller leie nokon til å bake for seg «Bakstekoner» var det. Ei var i Kroken og gjekk Kroken rundt og bakte. 6: «Kaka», «surbrød «Flatbrød» kaka var daglegdags mat. Flattbrød bruka ein mykje av. «Surbrød» bare ein gang imellom. Ikkje noe sers skilnad på festbrød og daglegbrød. Bakte av sers godt mjøl til gjestene. Lagar dei brødslaga den dag i dag. «Surbrød» er det «gjevaste» nå og. Har av og til ei tynnare kake dei kalla «svenskekake» men den brukar dei mest i Sverige. \[s. 3\] 7: Hadde kaker av fint kveitemjøl liggjande i påvente av gjester. Helst hvis der skulle komme nokon, men og nokre liggjande. Låg på bua i tette «boksar» av blekk eller av tre. \[? «Sånnekaker»\] «Sirupskaker» «Smultringar» «Krumkaker» «Honningkaker». 8 Ikkje steikt brød på glo her. 9: «Tunnbrød» var til fint bruk. Det var av havre. Sume hadde poteter i, då vart det mørare. Det var i tunnbrødet. Det var dårligare brød til tjenerene enn til husbondsfolket på storgårdane. «Tunnbrød» og «flatbrød» ikkje andre namn. 10: Hadde i ei «blikse» som var kløfta i enden og deri stod ei fille. Den duppa ein i vatten og svinga over leiven. Det var bare på tunnbrødet. Kunne ha tunnbrødet lenge. Baka gjerne bare ein gong om året rett før jul og ikkje oftare. Sette flatbrødet på eit fat. Tok kvar til seg av det. Brukte smør på. Laga mye «soll» av god melk, helst sur men og søt. Også soll av fett. Brukte flatbrød mest til middagen \[s. 4\] attåt maten. 11: «Leiv» er både før og etter steikinga. Ikkje brukt om omnsbaka brød. 12: «Lefse» bruka dei. Hadde poteter i den og rugmjøl. Kunne nok ha kveitemjøl også. Nokre brukte «forferdelig» tunn lefse, andre tjukkare, Ikkje skilnad i navnebruk. Det var ikkje bakstekone som laga den. Steika den på hella eller også på omnen. Laga lefse ettersom ein vilde. Baka gjerne leftse når det var lite brød igjen. Då spedde ein på med lefse. Det slompa vel at dei hadde lefse til nistemat. Måtte etast nokså fort, for hu turka og vart stiv. Hadde bare smør på, kalla det lefseklining. Lefsene er her omlag ½ m i diam. 13: Legger bort heile leivane. Lefsene skjerer ein opp i «firskørningar.» Flatbrødet ligg på stabburet. Hadde eit slag krakk for ruene med høge lekter på for at ikke «ruene» skulle velte. 14: Dei fekk «gang» når dei brygga før. Tørka den i tunne kaker. Det var til «surbrød» Lagra den tørka gangen i kjellaren. Ein tok den gangen som var på toppen av ølet. Hadde det saman med noko havremjøl, for \[s. 5\] det var sprødare, og laga ein dei. Klappa så til tunne kaker som ein tørka under taket i kjøken. Når ein så skulde bruke gangen bløyta ein den opp i vatten og hadde mjøl på. Så gjekk det. Deien var knødd opp på forhånd.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste