Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_1081_Øs_Aremark
Transkripsjon av filen #NEG_4_1081_Øs_Aremark
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Hadde kvernar i bekkene før. I eldre tid malte dei gryn på «hånnkvernar». De\[-t\]n bruka dei også til å male «malt» til jul. Det er slutt med båe deler nå. Mol «sikta» og «sammala» på to forskjellige kvernar. Men deil var i same huset. Der kunne være optil 3 kv\[-æ\]ernar under eitt tak, ei til sik\[-a\]ta og 2 til sammala. «Rau og bygg og \[-«\]vete» var «sikta», Havren tørka dei og «sammol». Veggeranda var til såkorn Det mellomste til brødkorn. 2: Når mjølet kom frå mølla var det bare å tymme frå sekken (som var av heimevoven hamp) og rett i trauet. Slapp å sikte. 3: Det var helst å blande det gamle mjølet med litt av det nye. 5: Ikke sambakster. Måtte leie hjelp eller baka sjølv dersom det var bare mannfolk Helst baka mannfolka sjølv. Det var helst kvinnfolk som gjekk rundt og baka flatbrød. Sat 8 dagar på kvar gard og baka brød for eit halvt år. Det var flere «bakarkvinfolk» som hadde kvar sine gårdar. 6: «Kake» både «\[?rangkake/vangkake\] og «vetekake» og «byggkake» Byggkaka var skrinnast. «Rauen» var det best. «\[?Ketu/keter\] var tørr. Til kvelden var det mest bare graut. «Frukost» var det «møsost» og «havrebrød» flatt brød. «Målamat» kl 8. \[i margen: Matmåla\] då fekk dei graut fra kvelden i førevegen. (Sume kalla det «duer») Hadde nokon kake, åt dei det då. «Middag» var poteter, sild og mjølk eller og erter og helgrynsvelling med kjøt. Gjorde «beter» med kjøt og brød. «Eftasvæl» kl 5. mjelk og møsost flatbrød og helst kake med smør på. Var ei stor rund kake med ein fjerding til kvar \[Figur: Illustrasjon av rundt brød, oppdelt i fire, 4 cm tykt. Hver fjerdedel kalles «Ein skørning»\] \[s. 3\] Ingen fekk meir enn ein skørning. Den måtte dei ete opp. Herrefolk bruka nok surbrød. I gjestebud bar dei med seg betre mat i «k\[-a\]orjer». «Bonekørja» var \[?bunden\]. Hadde 2 slags kake, ei finare dersom det kom framande. Simpelt mjøl i simple kaka. Skilde mellom sekkene med korn på kverna. \[-H\]Eine sekken skulle bli mjøl til framandfolk. 7: Hadde vete eller rugkake liggjade i påvente av at der kom folk. Hadde «terrinar» med lok på til å gjøyma dei i. Dei var store og tok 3 kaker. Bar graut til barselkjerringar i dei. 8: Ikkje høyrt dei baka brød på glo. Men det hendte dei steikte kveitekaker i ei steikepanne dei sette på glørne. Det gjorde bestemora. Bruka «gang» til den frå d\[-ei\]å dei brygga øl. Kalla det gangkake. 9: Flat-«brød». Det meste var av havre. Men «Flabbrø» var av bygg, og det var finare. Dei kallar det «lefse» også det. S\[-ume\]lumpa at nokon hadde «ertekake» Hadde mye erter før. \[s. 4\] 1\[-4\]5. «Surdei» Tok av ein liten bite kvar gong ein baka. Tørka den og hadde den oppmed taket i eit tøystykke. «Sette den i bløt» i lunka vatten så han vart tunn som velling. Så hadde dei han i \[-ny\]trauet dei baka i. «\[?naunen/nannen\]» eller «\[?knannen\]» kalla dei det trauet. «Surbrød». Måtte «grisle» surbrødet i omnen. Omnen var \[?kvelva\] av murstein var flat i botnen. Den var i kjøkkenet - -
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste