Folkeforsk.no
Heim
Vel emne
Statistikk
Om
Registrer deg
Logg inn
Heim
Vel emnet ditt
Baking
NEG_4_873_Ro_Suldal
Transkripsjon av filen #NEG_4_873_Ro_Suldal
Kort rettleiar
metadata
sjå spørsmål
|
sjå fil
Nettleseren din støtter ikke visning av pdf
1: Det meste av kornet blei male på bekkjekvernar. Men ein mol og på hand- kvern. På husmannsplassen Røynevarden er ei hand- kvern. Ho er komen frå garden Guggedal i Bråtveit- kverven, og var i bruk med Pål Larsson Guggedal hadde garden, kring 1814. I Suldal er kje bygdemølle. Dei fleste gardane i Nedre Suldal, frå Suldalsosen til Sand, får nå male på bygde- mølla i Sand. Men i Øvre Suldal, i kvervane langsmed Suldalsvatnet altså, held ein i stand gardskvernane framleis, og mel framleis på dei haust og vår. 2: Mjøl av «reinkodn», bygg, bruka ein og brukar \[s. 2\] ein framleis til graut og vaffel-kaka, og til mjølke- kaka og «lappar». Og til komla. Ein sa elles jamt raffelkaka før. Vaffel- kaka er eit nenne\[!\] som er kome inn i dei siste 20-30 år. Lappar blir baka av skjør og bygg- mjøl, med litt sukker og natron i. Dei slag kaker er komne inn i bygda den siste mannsalderen. Ein bruka og byggmjøl i tynnkaker, ein kalla. I dei var det òg mjølk, ofte renne-mjølk – Havren bruka ein til flatbrød og graut. 2:. Ein hadde kje andre kornslag. Ein visste kje av nokon sikting av mjølet før. 3: Ein lika best å bake av mjøl som ikkje var ny- male, og ein sette ofte mjølet attved omnen eller grua ei stund før ein skulle nytte det. 4: «Grønvara» – sam- namn for allslags mjøl- mat. 5: Ein baka kvar åt seg, i kvart sitt eldhus. Ei \[s. 3\] bakstekjerring skulle jamt ha lang dag – frå 6 – 7 tida om morgonen til 10 om kvelden. Løna var 50 øre dagen, ikring 1910. Attåt tynnkaka og raffelkaka, baka ein «\[\_hovkaker\]». Dei steikte ein på omnsplåta. Dei var av bygg, og litt rug i seinare tid, og ein mjølkeskvett, og vatn og gjær. \[\_Eplekaka\]. Ein tok alltid småepla til det. Og mol epla (potetene) på tre-kvernar. Desse trekvernane var mannjamt i bruk til ikring 1920, og der er dei som brukar trekver- nar ennå. «Ognakaka», kaka baka i omnar. Same samansetjing som i hovkakene. Ein steikte dei i bakaromnar i badstovene. Dei var «stekte på sand.» Det var altså sand, singel, i botnen. Omnen var mura av gråstein. Ein la ved oppå sanden og elda til ein totte omnen var høveleg varm, \[s. 4\] då kara ein ut vedrester og kòl. Ein la så kakene, brøda, på ei \[-fjøl\] sleiv \[-og skuv- de\] og la dei varsamt inn i omnen, på den glo- heite sanden. Kakene var rundforma. – På ein slik bakaromn, som t.d. den som ennå står i badstova på Gugge- dal gjekk det 15 brød. Men dei fleste omnar tok 20-25 kaker. På Bråtveit var ein slik bakaromn i bruk til 1925. Nå er det kje nokon av dei gamle «bass-stoveomne- ne» i bruk lenger. Nå er det komfyren. 6: Til dagleg brukar ein nå stomp, steikt i kom- fyrar, eller kjøpte hjå handelsmannen. Her er kje bakar i Suldal. I Brød ein steikjer heime er det rug og kveite. Det er slutt nå med «hovkaka» og «ognabrødet». Frå gamalt har det vore sagt at ein kjøpte «eit kvartel» rog til jula«bakstenn». \[s. 5\] I seinare tid er «haring- kaka» og «nor-lannslepsa» kome til. Og «smultringar» 7: Ein hadde alltid «lepsa» i huset liggjande på «adle voner om de’ kom fremmanne». 8: Ikkje kjendt her. 9: Havrebrød var kvardags- brød. I seinare tid baka ein rugbrød, og hadde det til kaffimat i staden for kaka, eller attåt kaka. Ein bløytte jamt rugbrød. Ein trong mykje flatbrød. Ein sparde på ogna- kaka. Ein baka ofte ikkje den kvar dag. Ein hadde ognakake frå jul til påske. Ein la ho stundom ned i store kjer, så ho skulle halda seg betre. Det var dei som kjøpte erter og mol det på gardskverna og baka av «ertermjøl», dei kalla, baka flatbrød. \[s. 6\] 11: Med ordet leiv meiner ein ferdigbaka flatbrød. Ei van- leg brødskive blir nemnt «kake skjeva». 12: Om lefsa baka til bruk i vetler, høgtider og ved gjeste- bod elles brukar ein ordet «kliningebrø’.» Ein hadde og lefse med seg når ein t.d. skulle vitja skyldfolket sitt. Men sjeldan til ferda- mat elles. Til smørje bruka ein «råmjelk», råmjølk. Ein talar om å «kline lepsa.» Ein åt aldri lefsa berr. Ein la alltid eit stykke raffelkake inni, eit «hjarta» av kaka. – Lefse og kling er det same her. Ingen skil på det. Ein «brettar» «lepso» etter ein har klint her. Det gamle var å brette lefsa i 4, nå i 2. Men flatbrød som ein bruka til skreppe-mat, bretta ein i 2. Men ikkje på helta. Ein la farg på lefsa når ein hadde steikt ho. 14: Surdeig: Ein rørde saman vatn og mjøl, og let det stå ei tid. \[s. 7\] Gjær: fekk ein når ein bryggja. Ein gøymde gjæret i halm- viskar. Det var omnskaka og hovkaka ein gjærte med ølgjær. Ein hadde brødet til høgtids i gamal tid. Seinare vart det meir kvardagsmat. Tillegg: Ein skrapa ofte siste deigen av troget og balla ihop, og gøymde det så til neste baking. 16: Deigen ferdiggjært: halde ei brennande fyrstikke nedi deiggropa. – Nå brukar ein mjukt gjærbrød til kvardags. Ser- leg brukar ein mykje kveitebrød. 18: Krotakaka, hardingkake. Brukar «hardingøkjevle» ein kallar, når ein bakar. 19: Bakinga i badstova jamt før. Eller i eldhus. Før det kom komfyr. Sume hadde bakarom- nen i kjellaren òg. Men det var kje mange stader. Berre syra brød \[s. 8\] i omnane i badstova, eldhuset og kjellaren. Ein brukar ofte oreved til å hita\[?\] opp bakaromnen. Husmennene hadde sjeldan bakaromn, og dei baka på garden oftast. Omnane i badstova og eldhuset var mura av gråstein. \[-I\] Den i kjellaren var av murstein, og er altså frå eit seinare tidsbil. Men det har vore sagt at i gråsteins- omnane fekk ein betre brød enn i mursteinsomnane. Ein steikte brød i gryta og med søtekrydder i. 25: Grislebrød visste ein ikkje av i Suldal. Tillegg til 23: Oppover bakaromnen i eldhuset og badstova hadde ein turkebenkjer til maltet. 28:. Omnsbrødet gøymde ein i kjer på stabburet, og der hadde ein alltid flatbrødet. Sette brød- ruvene på golvet, eller på bord. Sume hadde det i bører òg, seinare tid. \[s. 9\] 29:) Ein hadde kake stempel Av tre. Åttebladroser var mykje bruka på kake stempla. – Ein bruka stempla til julekaka. 33: Steikt i jarn: Raffelkaka. Ofte søtekrydder i den. 35: Det er sagt at dei mol almebork i hard- året 1812 og blanda i det andre mjølet. 36: \[\_Flatbrødet\] (framhald frå emnet Flatbrød på ved- lagt skjema. Dei gamle hadde slik tru på flatbrød. Dei hadde kje tru på «eplo», det fyrste dei kom. Dei metta kje noko dei «eplo», sa dei. «Gjer dokken bete, bodn», sa Anna Lunde, ei bonde kona i Suldal (f. 1836 – d. 1916) de’ bia så møkje lenger då». Ein la ofte kjøtet flesket, eller fisken mellom to flatbrødbetar, når ein åt. Dette kalla ein «å gjera seg betar». Attåt spekekjøtet var flatbrødet umissande, totte dei gamle.
Lagre
Lagre og merk som ferdig
Vennligst logg inn for å starte transkripsjon
00:00:00
Gje opp transkripsjon
Transkriber ein tilfeldig
Førre
Neste